Historikk

Masfjorden Regnskapsservice AS vart skipa i 1987. I 2003 sette Laila S Nyhammer seg ved roret, og hausten 2004 vart det tilsett ein ny medarbeidar, Sigrun K. Andvik.

Fram til hausten 2004 var det hovedkontor på Hosteland i Masfjorden Kommune, det vart då opna nytt hovedkontor i Eivindvik i Gulen Kommune.

Hausten 2005 vart det nok ei nytilsetjing, då byrja Signe Haugejorden.

I november 2006 endra verksemda namn frå Masfjorden Regnskapsservice AS til Total Rekneskap AS.

I august 2007 kom det nok ein ny medarbeidar, Merete Haugsdal, og i 2008/2009 har me fått endå to flinke damer med på laget. Det er Bente Stendal og Viviann R Unneland. Så tilsammen er me 6 tilsette.

Frå og med 1. september 2009 vart Signe Haugejorden sett inn som dagleg leiar og frå nyttår 2010 tok ho over stafettpinnen og sit no som eigar.

Me er med andre ord eit kontor i vekst, og har i dag ca. 190 små og mellomstore kundar i vår portefølje.