Historikk

Masfjorden Regnskapsservice AS vart skipa i 1987. I 2003 sette Laila S Nyhammer seg ved roret, og hausten 2004 vart det tilsett ein ny medarbeidar, Sigrun K. Andvik.

Fram til hausten 2004 var det hovedkontor på Hosteland i Masfjorden Kommune, det vart då opna nytt hovedkontor i Eivindvik i Gulen Kommune.

Hausten 2005 vart det nok ei nytilsetjing, då byrja Signe Haveland.

I november 2006 endra verksemda namn frå Masfjorden Regnskapsservice AS til Total Rekneskap AS.

I august 2007 kom det nok ein ny medarbeidar, Merete Haugsdal, og i 2008/2009 har me fått endå to flinke damer med på laget. Det er Bente Stendal og Viviann R Unneland.

Frå og med 1. september 2009 vart Signe Haveland sett inn som dagleg leiar og frå nyttår 2010 tok ho over stafettpinnen og sit no som eigar.
Hausten 2010 utvida me bedrifta med avdelingskontor i Brekke, der Veslemøy Årnes vart tilsett.

Frå 1.januar 2015 flytta me eine avdelingen frå Hosteland og inn i Vidsyn sine lokaler i Sløvåg.

1.februar 2016 åpna me nytt avdelingskontor på Fedje. Beate Hop Ophaug, som tidligare har vore vikar hjå oss, er no fast tilsett og styrer kontoret der ute.

Me er med andre ord eit kontor i vekst, og har i dag ca. 250 små og mellomstore kundar i vår portefølje.