Rekneskap

Me fører rekneskap for alle typar næring og føretak. Me tek " A - Å oppdrag" eller blir einig med kvar kunde om kva dei kan/vil gjere sjølve. Vårt mål er eit korrekt rekneskap som kunden ser seg tent med å kjøpe hjå oss !!

Rekneskapet er eit viktig styringsverktøy. Me tilbyr løysingar som dekkjer alle behov verksemda har på dette området. Me legg stor vekt på at dei rekneskapa me presenterer overfor kunden skal vere godt gjennomarbeida og kontrollert. I tillegg skal alle rekneskap vere sett opp i samsvar med gjeldande lover og reglar.

Me kan blant anna tilby hjelp til:
  • Bilagshandtering
  • Avdelingsrekneskap
  • Prosjektrekneskap
  • Kontrollarbeid
  • Rapportar
  • Budsjettering
  • Utfylling av skjema
  • Næringsoppgåver
  • Likningspapir
Dersom du har spesielle behov og rutinar er me sikker på at me skal finna ei god løysing for deg.

Kontakt oss gjerne for ein uforpliktande samtale om korleis me kan hjelpa deg.