Me er ein kompetent leverandør av rekneskapstenester, og er etablert i lokaler i Sløvågen, Brekke og Eivindvik i Gulen. Me kan blant anna tilby hjelp til:
Bilagshandtering
Avdelingsrekneskap
Prosjektrekneskap
Kontrollarbeid
Rapportar
Budsjettering
Utfylling av skjema
Næringsoppgåver
Likningspapir
Stifting av selskap
Me er eit autorisert rekneskapsførarselskap der eigar, Signe, har jobba som ekstern rekneskapsførar frå hausten 2005. Før det har ho 17 års erfaring frå kommuneøkonomiarbeid i Gulen. Me er medlem av Regnskap Norge (tidligare NARF).
Dersom du treng hjelp for å finne den rette informasjonen, er det berre å komme innom eit av våre kontor i Sløvåg, Brekke, eller i Eivindvik, så skal me hjelpe så godt me kan!
Me oppmodar alle våre kundar til å logge seg på landbruketsdataflyt.no slik at me enkelt kan motta avrekningar direkte i økonomisystemet vårt. Ein logger seg på med BankID eller produsentnr. Tast inn ORGnr , fyll ut kontaktinformasjon, huk av for at rekneskapet blir ført av ekstern rekneskapsførar, godkjenn brukeravtale og til slutt velger ein TOTAL REKNESKAP AS i lista over aktører. Ta sjølvsagt kontakt ved spørsmål ang dataflyt.
På felleskjopet.no kan ein delegere tilgang til oss, slik at me enkelt får tak i fakturakopiar om nødvendig. Då logger ein på MiN GÅRD, velger MINE KUNDEDATA, trykk på BRUKERE, velg VIRKSOMHET (NB. Ikkje personer) Skriv inn vårt kundenr 231471 og trykk INVITER.
Om ein kjapt tar eit bilde av kvitteringa ein har motteke, og sender direkte til oss, sparer ein seg gjerne litt tid når bilaga skal leverast og kvitteringa kanskje ikkje er like lett å finne fram igjen. Ein kan opprette eiga mappe på tlf der ein samler kvitteringar og sende oss samla om ein ynskjer det. Mange muligheter, og forskjellige apper. Skanner for me, Jot Not er nokon av dei. Ein finn gratis apper og apper som koster eit eingangsbeløp.
Den nye kassasystemlova trer i kraft 1.1.2019. Oversikt over kassasystemer med produkterklæring.