Om Total Rekneskap AS

Me er eit autorisert rekneskapsførarselskap der eigar, Signe, har jobba som ekstern rekneskapsførar frå hausten 2005. Før det har ho 17 års erfaring frå kommuneøkonomiarbeid i Gulen.

Ta kontakt

Informasjon om oss

Me er medlem av Regnskap Norge (tidligare NARF), noko som sikrar oss tilgang på fagleg oppfylging og kompetanse.

Det er vårt hovedmål at me til ei kvar tid skal ha kunnskap og humør nok til å tilby god kvalitet og god service til våre kundar. Dette klarar me ved stadig å oppgradere den kunnskapen me har og tilpasse oss regelendringar som kjem, medan me legg opp til ein uformell tone i dialog med våre kundar.

Historikk

Masfjorden Regnskapsservice AS vart skipa i 1987. I 2003 sette Laila S Nyhammer seg ved roret, og hausten 2004 vart det tilsett ein ny medarbeidar, Sigrun K. Andvik. Fram til hausten 2004 var det hovedkontor på Hosteland i Masfjorden Kommune, det vart då opna nytt hovedkontor i Eivindvik i Gulen Kommune. Hausten 2005 vart det nok ei nytilsetjing, då byrja Signe Haveland. I november 2006 endra verksemda namn frå Masfjorden Regnskapsservice AS til Total Rekneskap AS.

I august 2007 kom det nok ein ny medarbeidar, Merete Haugsdal, og i 2008/2009 har me fått endå to flinke damer med på laget. Det er Bente Stendal og Viviann R Unneland. Frå og med 1. september 2009 vart Signe Haveland sett inn som dagleg leiar og frå nyttår 2010 tok ho over stafettpinnen og sit no som eigar.

Hausten 2010 utvida me bedrifta med avdelingskontor i Brekke, der Veslemøy Årnes vart tilsett. Frå 1.januar 2015 flytta me eine avdelingen frå Hosteland og inn i Vidsyn sine lokaler i Sløvåg. Frå februar 2016 t.o.m. juli 2019 hadde me og eit avdelingskontor på Fedje.

Me er med andre ord eit kontor i vekst, og har i dag ca. 250 små og mellomstore kundar i vår portefølje.